Boligsalgsrapport
NITO Takst  og NTF har utvikla ein felles rapport som har fått namnet Boligsalgsrapporten. 
Føremålet med denne rapporten er å gje både seljar og kjøpar eit verktøy som skapar best mogleg tryggleik ved eigarskifte.
Boligsalgsrapporten er tilpassa Avhendingslova. 
 
Med utgangspunkt i at ein samla bransje står bak har også Forbrukarrådet funne det rett å medverka ved å delta i ei eiga klagenemnd. 
Slik er Boligsalgsrapporten kvalitetssikra. 

Kortversjon / brosjyre - klikk her

Skriv inn alternativ tekst her.

 
Boligsalgsrapporten er i prinsippet ei Tilstandsanalyse der det er lagt særleg vekt på å framstilla dei byggetekniske tilhøva som er relevante ved eit eigarskifte. Såleis vonar ein å kunne medverka til auka tryggleik for dei involverte partane, utan at rapporten skal erstatta verken seljar si opplysingsplikt eller kjøpar si undersøkingsplikt.

Boligsalgsrapporten er ein systematisk presentasjon av dei tilhøva som takstingeniøren har observert ved sin gjennomgang av takstobjektet og den tek dessutan særleg sikte på å beskriva dei tilhøva som, etter takstingeniøren sitt skjønn, er vesentlege ved eit eigarskifte.
Boligsalgsrapporten gjev, som andre tilsvarande rapportar, ingen garanti mot skjulte feil, skadar og manglar etter som takstingeniøren ikkje skal føreta opning av konstruksjonar.

Boligsalgsrapporten har levetidsvurderingar, der ein opplyser om kva generell levetid dei einskilde bygningsdelane har. Dette for å synleggjera for forbrukar at alle bygningsdelar har ei forventa levetid, som igjen fører med seg at alle bygg må ha regelmessig vedlikehald.

Normal levetid kan angje eit intervall mellom høg og låg forventa teknisk levetid, avhengig av kva faktorar som er tilstades, slik som regn, vind, sol, frost, forureining og bruk. Levetida kan variera noko dersom andre kriterium enn teknisk levetid er lagt til grunn, eksempelvis estetikk, økonomi, sikkerheit, funksjon eller brukarynskje. Levetidsvurdering er såleis av generell karakter og angjev gjennomsnittleg normal levetid.

Det er utvikla tilleggsmodular til Boligsalgsrapporten:
• Arealmåling
• Verdi - lånetakst

Rapporten sin struktur

Rapporten sin struktur, metodikk og terminologi er, så langt det er teneleg i Boligsalgsrapporten, utført i samsvar med (Norsk Standard) NS 3424 (tilstandsrapport) og NS 3940 (arealmåling).

Materialbeskrivingar og beskrivingar av symptom på tilstandssvekking er i tråd med NBI si rettleiing for NS 3424 og tilhøyrande definisjonar og terminologi. 
Byggtekniske tilstandssvekkingar blir også gjeve etter denne standarden på fylgjande måte:

Tilstandsgrad 0: Ingen symptom

Tilstandsgrad 1: Svake symptom

Tilstandsgrad 2: Middels kraftige symptom

Tilstandsgrad 3: Kraftige symptom (også samanbrot og total funksjonssvikt)

Andre uttrykk og definisjonar

Tilstandsgrad (TG): Uttrykker tilstanden til objektet med utgangspunkt i eit definert referansenivå.
Referansenivå:

Gitt forventa tilstand til ein bygningsdel, bl.a. vurdert ut frå alder og normal bruk.

Svikt: Eit negativt avvik mellom observert tilstand og referansenivået.
Stikktaking:

Enkel kontroll under overflata av et objekt ved hjelp av små stikk med ein spiss gjenstand.

Normal levetid:

Gjennomsnittleg teknisk levetid for et bygg eller ein bygningsdel, vurdert ut frå dei normale påverknadar og det materiale som objektet består av.

Symptom:

Et teikn på ein bestemt tilstand ved objektet, normalt nytta ved beskriving av negative avvik, svikt.

Tilstand:

Eit uttrykk for objektets generelle "godhet" i høve til referansenivået, gradert i høve til avvik frå referansenivået. Sjå ”Tilstandsgrader” under punktet om Rapporten sin struktur.

Visuell:

Det som kan sjåast, og i denne samanhengen viser dette til ei avgrensing i synfaringsmetoden.

Fuktmålarutstyr:

Teknisk hjelpemiddel til å måle eller søke etter fukt i konstruksjonar.

 

 Boligsalgsrapporten brosjyre i pdf. -  klikk på foto.

Ved Boligsalgsrapport skal eigar fylle ut Eigenerklæring skjema pdf. - last ned her.