Prisar og vilkår
|
- Prisar på våre produkt og takseringstenester
er avhengig av type takstobjekt, storleik på takstobjektet, type takstrapport
og reiseavstand. Kombinasjon av fleire tenester gjev lågare pris.
-
- Ring oss for nærare informasjon og
be gjerne om konkret pristilbod - telefon 911 79 789.
|
- Verdi-/lånetakst
- Boligsalgsrapporten (Tilstandsrapport ved avhending)
- Energimerking (i kombinasjon
med takst - be om tilbod)
- Tilstandsanalyse /
Tilstandsrapport
- Reklamasjon
- Skade / Naturskade
- Byggtermografi (varmekamera)
- Trykkprøving (lekkasjetest)
|
| Alle prisar byggjer i
utgangspunktet på at rekvirenten sjølv skaffar naudsynt dokumentasjon og
har denne tilgjengeleg ved synfaringa. Sjå meir om dette i lenke
Dokument. |
| Kontroll
av matrikkelen (eigedomsdata og heimelshavar) er inkludert i våre skjematur. |
| Kostnadar ved evt. anna dokumentinnhenting
kjem som tillegg - spesifisert og avtala på førehand. |
| |
Rutine ved rapportar -
korrektur, tidsfristar og utskrift
- Normalt skal ein takstrapport vera
klar 2-5 arbeidsdager etter synfaringa (avhengig av type og omfang).
- Takstrapporten blir så oversendt
til rekvirenten via e-post som eit dokument i filformat .pdf.
- Rekvirenten (den som har tinga
takstoppdraget) må snarast lesa grundig gjennom rapporten og sjå om
det kan vera feil i faktaopplysningar. Vidare kan det vera andre punkt
i rapporten som rekvirenten har spørsmål rundt eller ynskjer å
drøfta med takstingeniøren.
- Frist for slik tilbakemelding er
sett til 7 kalenderdagar (dersom ikkje annan avtale).
Takstrapporten blir normalt levert
elektronisk i filformatet .pdf til rekvirenten si e-postadresse. Me kan
også senda deg papirutskrift dersom du ynskjer dette og reknar oss då
kr. 50,- + mva. for utskrift og porto.
Generelt er ein takstrapport gyldig i
6 mnd. Etter dette kan rapporten oppdaterast etter nærare avtale.
|
|
|
Generelt om opplysningar
- Takstingeniøren er avhengig av
kunden/rekvirenten si aktive deltaking og informasjon om takstobjektet
for å skriva ein god takstrapport.
- Juridisk er samanhengen slik at
rekvirent (til vanleg eigar) også er ansvarleg for
opplysningane i takstrapporten, i den grad at takstingeniøren må
byggja sin rapport på informasjon frå den som best kjenner
takstobjektet.
|
Bruk av takstdokumentet
- Ein takstrapport er eit fortruleg
dokument som er rekvirenten sin private eigedom.
- Dersom rekvirenten ynskjer at
takstdokumentet skal sendast vidare til meklar, låneinstitusjon eller
andre skal takstingeniøren henta inn skriftleg løyve til dette frå
rekvirenten.
- Normalt kan slikt løyve gjevast
ved melding i e-post.
|
Betalingsvilkår
- Avtala honorar blir fakturert
med 10 dagar betalingsfrist rekna frå
fakturadato.
- Ved for sein betaling reknar me oss
eit purregebyr på kr. 50 og morarente.
|
|
| Prisar og
vilkår sist oppdatert 22.03.2011 |