Kva er termografi - varmekamera / IR-kamera?
Våre auge ser ljos-strålar IR-kameraet ser varmestrålar
"Varme-avtrykk" -
her låg katten!
I eit termografikamera blir varmestrålane (infraraud stråling) rekna om til temperaturar. 
For å få til dette må vi veta noko om kva slags overflater vi ser på,  kva temperaturar
som er rundt oss + ein del andre ting.
Det er ikkje nok berre å ta bildene, dei må også analyserast og vurderast.
 
Termografi krev fagkompetanse og erfaring!
Kvifor termografere i bygningar?
- Einaste effektive metode for å lokalisere lekkasjar i vindtetting og plastfolie
- Avdekke mangelfull isolering og utette vindu/dørar
- Finna kuldebruer
- Finna fukt / fuktskadar = sopp / råte
- Kontroll av lyd-lekkasje mellom bu-einingar og i yttervegg (lyd = luft)
- Feilsøk på varmekablar / vannbåren varme / ventilasjonssystem
- ENØK-tiltak, etterisolering og vindtetting
- Betre utnytting av balansert ventilasjon og varmegjenvinning
- Reduserte utgifter til oppvarming
- Betre og meir behageleg innemiljø
- Kvalitetskontroll av nybygg før overlevering
- Trygghet ved sal av brukt bustad = høgare verdi
- Dokumentasjon i reklamasjon og tvistesaker
Luftlekkasjemåling / Trykkprøving av bygg
Minneapolis Blowerdoor
Komplett system for måling av luftlekkasje i bygningar.
Automatisk generering av rapport direkte til PC.
Byggeforskriftene stiller krav til maks luftlekkasje i bygningar.

Trykkprøving i kombinasjon med termografi vil gje særs gode opplysningar om kvaliteten på vindtetting, dampsperre (plastfolie) og isolering i din bustad.

Sjå vår side om trykkprøving

 

Utdanning, kompetanse og sertifisering

Byggtermograføren er byggmeister/byggingeniør og kan lesa og vurdera varmebildet med sin kunnskap om byggkonstruksjonar, isolering, luftlekkasje og fuktproblematikk.

Termografi blir også nytta som verktøy innan fagfelt som elektro, medisin, veterinærmedisin, prosessindustri, brannvern og innan redningstenesten.

Termografering av bygg skal skje i samsvar med Norsk Standard NS-EN 13187: Bygningers termiske egenskaper. Kvalitativ metode for å oppdage termiske uregelmessigheter i bygningers klimaskjermer. Infrarød metode.

 
Ein sertifisert termografør kryssar ikkje fag-grenser!
 
Be om dokumentasjon og referansar.
 
Sertifisert
Termografør ITC

 

Forbrukarsider om termografi 
og trykktesting: 

Spar strøm med superkamera - vg.no

Termografi - forbrukerportalen.no

Termografi avslører varmetap - enova.no
Om termografi - enova.no
Unngå istapper fra taket - dagbladet.no

 

Litt meir om teknologien bak termografi

Alle objekt sender frå seg varmestrålar, også ved kuldegrader. Eit IR-kamera har sensorar som måler styrken i denne strålinga og reknar om til temperatur og omformar vidare til eit synleg bilete. Kvart punkt (pixel) på eit slikt IR-bilete får sin eigen temperatur og termograføren kan nytta denne informasjonen i si analyse og vurdering av objektet (bildet).
Elektromagnetisk stråling - ulike frekvensområde:

Eit varmekamera registrerer stråling i IR-området, frekvens mellom mikrobølger og synleg ljos.
Termografi er ikkje "røntgen-syn" og er også ulikt "nattbriller" som er kraftig forsterking av synleg ljos.  Eit IR-kamera sender ikkje ut stråling og er såleis heilt utan helsefare.
Eit godt IR-kamera har også innebygd eit digitalkamera. Bilder kan slik presenterast som ei blanding av vanleg foto og varmebilete eller kvar for seg, nyttig ved presentasjon i rapportar.
Vesentlig forskjell frå digitalkamera er at sensoren registrerer varmestråling og at optikken er høgst ulik. Vanleg glas kan ikkje sleppa gjennom infraraude strålar og linser i varmekamera er difor laga av grunnstoffet Germanium. Gode IR-kamera ser temperaturforskjell på 0,05° C.

Byggtermografi blir oftast utført i kombinasjon med trykkprøving. Poenget er å etablera ein stor nok forskjell i lufttrykk mellom ute og inne. Ved temperaturforskjell mellom utelufta og inne (helst over 10 grader) kan IR-kameraet då registrera og ta bilete av lågare temperatur på lufta som kjem inn i eit lekkasjepunkt.

Når trykkforskjellen er kjend (Blowerdoor-metoden) kan vi også ta nøyaktige målingar av trekk (vindhastighet). Byggeforskriftene har reglar også for dette og med vårt utstyr og kompetanse kan vi måla og dokumentera om ditt bygg er i samsvar med aktuelle krav og forskrifter.
Døme på alternative bruksområde for varmekamera:

Flink bisk?

 
Anstendig datter?

Illustrasjon: Utlånt av Morten Fredriksen  Presisjons Teknikk as